Andakt

Overgi alt

Arve ReigstadDet er ikkje så lett å gi frå seg kontrollen. I alle fall ikkje over saker og ting som angår mitt eige liv. Eg må innrømme at eg likar å ha kontroll. Eg likar at ting er grundig planlagd og førebudd, og at tilfeldige hendingar som kjem i min veg ikkje skal få styre (forstyrre) livet mitt. Det kan vere i forhold til økonomi, jobbrelaterte saker eller fritids- og ferieplanar.

Tenar for evangeliet

Arve ReigstadEr du ein tenar for evangeliet? Har tenesta di noko å gjere med Guds nådegåve?

Gud gir raust av sine nådegåver. Han utrustar oss menneske med gåver til å tene kvarandre. Vi må aldri slutte å søkje meir av Guds utrustning til teneste. Med Guds nådegåver kan vi meir effektivt tene kvarandre, både i det kristne fellesskapet og i samfunnet rundt oss. Og Gud er svært interessert i å gi oss rikeleg av sine gåver. Han gir meir enn gjerne, for når menneske vert berarar av Guds nådegåver, vil Guds rike veksa og evangeliet ha framgang.  Gåvene fremjar Guds sak i verda.

Balanse

Arve ReigstadDet nye testamentet blir ofte kalla ”Godt nytt,” eller ”Gode nyheiter.” Og Guds ord er verkeleg godt nytt! Her finn vi lite av knuste framtidsdraumar eller forbilde og heltar som skuffar med djupe fall frå stjernehimmelen.

Avisene og dagsnytt er på si side fullspekka med akkurat dette. Helter som svikter, draumar som blir knust, og eit stort spekter av nyheiter som gjennomgåande er triste og vonde. Ikkje mykje å bli oppmuntra av.

Hald fast på det du har lært!

Arve ReigstadVi er opptatt av ny lærdom. Utvikling er eit viktig stikkord for vår tid. Vi må heile tida vidare. Få ny kunnskap og ny innsikt. På mange område er dette viktig og bra. Men kanskje ikkje på alle?

Gud openberra seg på ein særleg måte då han sende Jesus til jorda. Vi fekk ny kunnskap om Gud gjennom han. Den tida Jesus gjekk omkring på jorda var ei særleg tid for å lære Gud å kjenne. Dei som møtte Jesus tok på alvor ansvaret for å formidle denne kunnskapen vidare, og derfor har vi fått samlinga av små og store skrifter  i Det nye testamentet.

Lat ikkje det vonde få vinna

Arve ReigstadLat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode! (Rom 12. 21 NN)

Vi møter det vonde i større og mindre grad gjennom heile livet. På avstand eller nært innpå livet. Nokre menneske møter det vonde på særskild brutale måtar. Det har vi sett også denne siste tia. Vi kjenner avmakt, sorg og sinne over at vondskapen når sine offer, enten det er ute i verda eller her heime i vårt eige land. Vondskap bryt ned og øydelegg, og vondskap avlar gjerne meir vondskap.

Å vandre med Den Heilage Ande

Arve ReigstadEg håper de alle har hatt ein god sommar! No skal hjula etter kvart i gang att, og det er tid for å møtast i menigheten!

Er du klar for å meditere litt på eit bibelvers? Bruk gjerne litt tid om dagen til å memorere bibelvers. I dag har eg eit vers som kan vere aktuelt å lære utanat.

Gud er Gud

Arve ReigstadDette var tema under sommerOASE i Fredrikstad i 2010. Gud er Gud. Han er mektig. Han er stor. Han er uendeleg. Han har skapt alt. Han lever. Han er nær. Han er alltid til stades, alle stader.

Oppstått!

Arve Reigstad”Oppstått er Jesus, hurra, hurra! Han lever, han lever, han lever nå!” (Margareta Melin)

Korset har ein horisontal og ein vertikal planke. Det har nesten form som eit plussteikn. (+) Korset er Guds plussteikn for alle menneske. Jesus døde for deg og meg på korset. Korset opnar vegen tilbake til fellesskap med Gud. Ein døde for alle.

Ankerfeste

Arve ReigstadKvar har trua sitt ankerfeste? Er det i eigne kjensler og livserfaringar? I tifelle kan vi fort drive av. Å kaste anker inne i eigen båt er dårleg sjømannskap. Også i det åndelege livet. Vi treng eit fast ankerfeste utanfor båten som held gjennom vindstille, flau vind og full storm. Guds ord er dette trygge ankerfeste. Her finn vi fast grunn til å ankre opp trua.

Enno er det vinter

Arve ReigstadDet er enno vinter, men vårteikna gjer seg så smått gjeldande. Naturen gjer seg klar til vårslepp. Skulle ikkje tru det, men vi veit av erfaring at det kjem til å skje på nytt. Noko heilt nytt skal skje. Nye spirer, nye knoppar, nye friske fargar, nye fugleungar, ny fuglesong.  Og mykje meir.

To dagar på rad har eg vorte minna om eit bibelord. Dette vil eg dela med deg i dag:

Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka. (Jes. 43, 19)

Kast børa di på Herren

Arve ReigstadKast di bør på Herren, han vil sørgja for deg! Han let aldri den rettferdige vakla. (Salme 55, 23 NN)

Skal eg bera sekken for deg? Hugsar eg fekk det spørsmålet på ein fjelltur då eg var ein ung gut. Spørsmålet kom frå ein som såg at eg sleit. Eg sleit med å halda følgje med dei andre, og sleit med motivasjonen til å gå vidare. Eg hadde mest lyst til å gi opp.

Plan, vei og forming

Arve ReigstadGud har ein plan. Ein frelsesplan. Jesus er Guds plan for å frelse alle menneske. "Eg kjem til dykk med ei stor glede for alle!" sa engelen. "I dag er det fødd ein Frelsar. Han er Messias, Herren.” Namnet Jesus betyr ”Herren frelser.”

Gud har altså ein plan. Og den inkluderer alle. For alle dei som tar imot Jesus, får retten til å bli Guds barn. ”For så høgt elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” (Joh. 3, 16) Gud har ein plan med ditt liv. Ein frelsesplan. Du kan ta imot Jesus, og få del i Guds store frelsesplan.

Advent

Arve ReigstadVi er i adventstida. Advent kjem av eit latinsk ord, ”Adventus,” og ordet tyder ”ankomst.”  I vår kristne adventstid siktar dette til Herrens kome. Vi ventar på at Herren Jesus skal kome.

For mange blir advent ei tid med mange ”ting.” Det er så mykje praktisk som skal ordnast. Og til meir vi har av ting å stelle med, til travlare får vi det. I den materielt rike delen av verda har ”tinga” kome i sentrum. I den materielt fattigare delen av verda står ofte dei åndelege verdiane i sentrum.

Kan du gi litt meir?

Arve ReigstadBruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinne dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. (Luk 16, 9)

Ein kjend song av Cornelis Vreeswijck har denne teksten: 

Du kan ingenting ta med deg dit du går.
Du trenger ingen penningar når du vid porten står.
Du kan ingenting ta med deg dit du går 

Det er nok rett at vi ikkje treng pengar  ved inngangen til livet etter døden. Men det er likevel feil at vi ikkje kan ta med oss noko. Vi kan ta med oss menneske som vi investerer i. Vi kan bruke meir av pengane våre på arbeidet i Guds rike.

All, alle, alt og alle!

Arve ReigstadVi fekk ei veldig god undervisning om disippelgjering og misjon på ei storsamling. Rolf Kjøde tala om tema ”misjon – ut til alle.” Fire ganger bruker Jesus ulike former for ordet "alle" i misjonsbefalinga.

Jesus har fått all makt i himmel og på jord. Difor ber han disiplane om å gå ut og vitne om Guds rike, og dele evangeliet om Guds frelse og redning. Og Jesu store ord om makt er ikkje tomme ord og lureri. Nei, Jesus demonstrerte si allmakt ved at han overvann døden og steig fram frå grava i levande livet. Ein som slik har sigra over døden kan vel med rette proklamere å ha overordna makt?

Englebesøk

Arve Reigstad

Det er mange som er opptatt av englar. Finst dei? Går dei rundt omkring på jorda? Kan vi menneske sjå dei? Kva oppgåve har dei?

Bibelen stadfester at englane er høgst reelle. Og det finst mange av dei. I himmelen er Gud omgitt av englar. Og mange er i døgnleg aktiv teneste rundt omkring på jorda. Englane er Guds ”secret service agentar,” med fullmakt til å hjelpe menneske, og å formidle bodskap til menneska frå Gud. Mange menneske kan vitne om englebesøk og om korleis dei fekk hjelp av englar i spesielle situasjonar.

Kraft

Arve ReigstadKraft er veldig konkrete saker. Vi ser kanskje ikkje sjølve krafta, men vi kan tydeleg sjå og merke resultatet av krafta, når den får verke på rett måte.

Eg hadde ein gong ei litt merkeleg oppleving i båt på fjorden. Motoren starta, dura og gjekk, men båten gjekk seinare enn det som var vanleg. Kva kunne dette vera? Då vi skulle sjå etter,  viste det seg at ei av kontaktane til motorpluggane var losna, og dermed fungerte ikkje motoren rett. Krafta vart ikkje overført slik den skulle.

For å frelsa verda

Arve ReigstadSom lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret. Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda. (Joh. 12, 46 – 47 NB)

Jesus elska sanninga. Han hata løgna og alt som var skjult i mørkret. Han hata mørkret, men elska menneska som var fanga i mørkret. Det beste Jesus visste, var å fria mennesket frå mørkrets makt.

Tydeleg bodskap

Arve ReigstadJesus kom til jorda med hensikt. Han hadde eit oppdrag frå sin himmelske Far. Oppdraget var å frelse. Han skulle bli verda sin redningsmann.

Bibelen viser oss klart at oppdraget var nødvendig. Menneska kunne ikkje klare å frelse seg sjølv. Jesus fullførte det vi ikkje klarte sjølv. Han opna vegen tilbake til fellesskap med Gud. Han sona alle våre synder. Han tok straffa på seg. Han gjorde det slik at vi kunne bli redda. Dommen råka han, og vi kunne gå fri.

Jesus som forbilde

Arve ReigstadHar du eit forbilde? Er det personar som du ser særleg opp til? Jesus er nok ein av dei personane som har flest tilhengjarar. Han har stått seg som forbilde gjennom to tusen år. Det er vanskeleg å finne noko å klaga Jesus for. Det er lite som trekkjer ned inntrykket av han. Og det er mange som bruker Jesus som forbilde, sjølv om dei ikkje trur på han som oppstått frelsar og ven.

Sider

Abonner på Andakt