Balanse

Arve ReigstadDet nye testamentet blir ofte kalla ”Godt nytt,” eller ”Gode nyheiter.” Og Guds ord er verkeleg godt nytt! Her finn vi lite av knuste framtidsdraumar eller forbilde og heltar som skuffar med djupe fall frå stjernehimmelen.

Avisene og dagsnytt er på si side fullspekka med akkurat dette. Helter som svikter, draumar som blir knust, og eit stort spekter av nyheiter som gjennomgåande er triste og vonde. Ikkje mykje å bli oppmuntra av.

Derfor er det så avgjerande viktig med balanse i tankeinntaket. Det er nett som med mat. Vi kan ete litt usunt innimellom, men vi må passe på å få sunn og god kost for at kroppen skal fungere godt.

Guds ord er sunn og god kost for tanken vår. Ordet hjelper oss til eit rett livsperspektiv. Guds ord løfter tanken opp på eit nivå som ligg høgt over dei tunge, mørke skyene av daglege nyheiter som så lett trykkjer oss ned i motløyse og avmakt. Eg treng å balansere alle inntrykka i kvardagen med ein god porsjon med Godt nytt!

Har du fått overdose av all verdens dårlege nyheiter? Det kan skape motlause og oppgitte tankar. Til og med depresjon. Då skal du vite at dette ikkje kjem frå Gud. Les orda hans, og bli oppkvikka. Les Ordet og bli oppmuntra! Les Godt nytt, og bli glad!

For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. (2. Tim. 1, 7)

God helg! 

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider