Gud er Gud

Arve ReigstadDette var tema under sommerOASE i Fredrikstad i 2010. Gud er Gud. Han er mektig. Han er stor. Han er uendeleg. Han har skapt alt. Han lever. Han er nær. Han er alltid til stades, alle stader.

Gud er Gud. Og menneske er menneske. Menneske lever. Menneske døyr. Men Gud lever. Han er evig. Og Han inviterer døyelege menneske inn til evig livsfest saman med seg. "Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus." (Joh. 17, 3)

Det gjeld å finne nøkkelen. Nøkkelen til døra inn til livet. Svaret ligg i bibelordet. Vi må søkje denne eine Gud, og han som vart sendt av Gud, og lære Han å kjenne. Still fokus.

Vi fokuserer på så mange timelege ting. Då kan fokus på dette ein, livsnødvendige, bli uskarpt. Kvess blikket i dag! På Gud! Ikkje slepp Han av synet. Sjå Hans gjerning i ditt liv og i din kvardag. Det ligg store løfter og venter på den som finn Han! Og dette er det han har lova oss: det evige livet. (1.Joh. 2, 25)

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider