Jesu fred

Arve ReigstadÆre vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i. (Luk. 2, 14)

Det kan ikkje ha vore tilfeldig valde ord englekoret song ut over markene ved Betlehem. Eg tenkjer at orda i songen var særdeles godt planlagde og innøvde, med Gud som dirigent og instruktør. Ikkje mange ord, men nøye utvalde og viktige.

Det er tre viktige poeng i den korte songen. Først og fremst står tilbedinga av den opphøgde Gud. For det andre blir det proklamert fred på jorda blant menneska. Og for det tredje er det viktig for Gud å formidle at han gleder seg over menneska han har skapt.

Bodskapen som skal følgje i kjølvatnet av Jesu fødsel er  altså ”fred.” Gud erklærer fred på jorda. Fred mellom Gud og menneske. Med Jesus kjem freden. Han er fredskongen. Og på slutten av livet, før Jesus fullfører sitt frelsesverk på Golgata, repeterer han bodskapen om fred.

Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måte som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause! (Joh. 14, 27)

Ta det inn over deg, og la hjarta ditt roa seg med dette: Jesus kjem for å gi deg fred!

God helg!

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider