Lat ikkje det vonde få vinna

Arve ReigstadLat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode! (Rom 12. 21 NN)

Vi møter det vonde i større og mindre grad gjennom heile livet. På avstand eller nært innpå livet. Nokre menneske møter det vonde på særskild brutale måtar. Det har vi sett også denne siste tia. Vi kjenner avmakt, sorg og sinne over at vondskapen når sine offer, enten det er ute i verda eller her heime i vårt eige land. Vondskap bryt ned og øydelegg, og vondskap avlar gjerne meir vondskap.

Det er eit krevjande ord Paulus kjem med i brevet til Romarane. Ord om å overvinna det vonde. Korleis kan det skje?  ”Med vondt skal vondt fordrivast,” er eit norsk ordtak. Og det er kanskje menneskeleg sett lettare å ty til ein resept som handlar om hemn og å gi att med same mynt.

Men vondskapen er utan sigerglede. Det ligg ingen triumf i vondskapen. Den er alltid taparen. Vondskap skaper berre tårer, sår og sorg. Vondskapen har tunge lekkjer. Den gjer ufri. Den fører mennesket i fengsel. Den kan aldri vere ein ven. Den er alltid ein fiende. Den ber med seg mørkret. Den er motstandar av lyset.

”Vinn over det vonde med det gode.” Vanskelege ord. Ord som kallar på evner vi ikkje naturleg har i vår eigen vilje og natur. Ord som kallar på overgiving. Ord som kallar på å gi frå seg retten til hemn. Ord som ikkje er så enkle å leve etter.

Bibelen har mange sterke ord om kva som til slutt vil stå att som sigerherre. Og då er ikkje vondskapen på pallen. Tvert om handlar det om dei gode kreftene. Det gode kjem til å sigra, ja det gode har alt sigra.

Kjærleiken gøymer ikkje på det vonde. Alt held han ut, alt trur han, alt håper han, alt toler han. Kjærleiken fell aldri bort... Så vert dei verande desse tre: tru, håp og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider