Overgi alt

Arve ReigstadDet er ikkje så lett å gi frå seg kontrollen. I alle fall ikkje over saker og ting som angår mitt eige liv. Eg må innrømme at eg likar å ha kontroll. Eg likar at ting er grundig planlagd og førebudd, og at tilfeldige hendingar som kjem i min veg ikkje skal få styre (forstyrre) livet mitt. Det kan vere i forhold til økonomi, jobbrelaterte saker eller fritids- og ferieplanar.

Ingen liker overraskande ekstrautgifter, permisjonsvarsel i jobben eller krøll i ferieplanane. For ikkje å snakka om når sjukdom eller ulukker slår til hos meg sjølv eller blant mine næraste. Eller når ikkje alt eg har håpa på blir slik eg skulle ønskje.

Ein del hendingar kan skape omveltingar i kvardagen over natta. Men mykje av dette har vi ikkje kontroll på, sjølv om vi så gjerne skulle. Og så oppstår dei velkjende sutene for livet, for framtida og for alt som kan gå gale. Mange bruker mykje krefter på å førebu seg på eventuelle ”worst case.”

Bibelen talar om å gi frå seg suter og bekymring. Jesus snakkar om å overgi alt i sterkare hender enn våre eigne. Dette er ei dagleg utfordring. Klarer eg å gi frå meg alt? Klarer eg å overgi bekymringar og suter? Må eg ha full kontroll for å leve lukkeleg? Eller er det når eg gir frå meg kontrollen at eg kan eige lukka og gleda?

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. (Fil. 4, 6-7)

Dette er Paulus sine ord i brevet til Filipparane. Brevet skreiv han i ein svært usikker og trugande livssituasjon: I eit fengsel!

Det verkar som han verkeleg har gjort Jesus sine ord om same tema til eit livsmotto:

Ver ikkje urolege for livet…. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. (Matt. 6, 25-34)

Kjenner på at for min del har eg enno litt å hente her…. Paulus var meir overgitt i dette enn det eg er. Kanskje var det fordi han verkeleg hadde overgitt alt? Og at han hadde erfart at Guds kontroll var tryggare enn eigenkontrollen?

God helg!

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider