Ta vare på skatten

Arve ReigstadEin kan bli veldig ivrig når ein skal presentere verdens beste nyheiter. Då gløymer ein gjerne enkle reglar om å tale i korte og enkle setningar. Eg ser for meg Paulus bringa verdens beste bodskap til Timoteus på denne litt overivrige måten.

Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider, og som no har vorte openberra då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord. (2. Tim. 1, 9 – 10)

Denne setninga er så metta med innhald, at vi kunne halde ein andakt på kvar av dei fem setningsdelane. Samtidig er alt såre enkelt: Vi er frelst av nåde, i Jesus Kristus.

Det er så fantastisk å tenkje på at Gud har frelst oss. Ikkje vi sjølv. Men Gud har frelst oss. Ikkje på grunn av gjerningane våre. Ikkje på grunn av at vi trygla og ba han om det. Han har gjort det berre av sin eigen gode vilje og nåde. Frelsa vart openberra då Jesus kom til jorda.

Dette skal vi no igjen få feire. Dette skal vi enno ein gong få glede oss over. La advent bli tida der vi kvar dag opnar ei luke med adventsglede over  frelsa og Frelsaren som Gud har gitt oss! Mykje å takke for! Mykje å gle seg over! For ein skatt å ta vare på!

Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg, ved Den Heilage Ande som bur i oss!  (2. Tim. 1, 14)

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider