Tenar for evangeliet

Arve ReigstadEr du ein tenar for evangeliet? Har tenesta di noko å gjere med Guds nådegåve?

Gud gir raust av sine nådegåver. Han utrustar oss menneske med gåver til å tene kvarandre. Vi må aldri slutte å søkje meir av Guds utrustning til teneste. Med Guds nådegåver kan vi meir effektivt tene kvarandre, både i det kristne fellesskapet og i samfunnet rundt oss. Og Gud er svært interessert i å gi oss rikeleg av sine gåver. Han gir meir enn gjerne, for når menneske vert berarar av Guds nådegåver, vil Guds rike veksa og evangeliet ha framgang.  Gåvene fremjar Guds sak i verda.

Paulus var veldig klar over dette. Derfor brukte han tid på å undervise om nådegåvene. Gåvene vert gitt til dei som spør etter dei. Til dei som seier ja til å følgje Guds kall til teneste. Det handlar ikkje om å vere smart, intelligent eller flink, men heller meir om vilje til å ta i mot det Gud gir, og å vere villig til å tene med dei gåvene som vert gitt.

Paulus koplar tenesta for evangeliet saman med nådegåvene. Det er gjennom å verte utrusta av Gud at vi menneske kan bli effektive i tenesta for evangeliet. Gåvene vert effektive reiskapar for Guds hovudsak; å frelse alle menneske. Dette er Guds høgste og fremste vilje. Gåvene skal hjelpe menneske tilbake til Gud gjennom å skape tru på Jesus Kristus.  Evangeliet er at Jesus har forsona alle menneske med Gud gjennom sin død på korset.  Evangeliet er nåde over nåde, og Guds kraft til frelse for alle som trur på han. Dette er Guds største gåve.

Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve. (Ef. 3, 7)

God helg!

Andakten er skrevet av Arve Reigstad, pastor i Norkirken Nordhordland. Publisert med tillatelse.

Bønnemner

Sider