Arve Reigstad

Oppstått!

Arve Reigstad”Oppstått er Jesus, hurra, hurra! Han lever, han lever, han lever nå!” (Margareta Melin)

Korset har ein horisontal og ein vertikal planke. Det har nesten form som eit plussteikn. (+) Korset er Guds plussteikn for alle menneske. Jesus døde for deg og meg på korset. Korset opnar vegen tilbake til fellesskap med Gud. Ein døde for alle.

Ankerfeste

Arve ReigstadKvar har trua sitt ankerfeste? Er det i eigne kjensler og livserfaringar? I tifelle kan vi fort drive av. Å kaste anker inne i eigen båt er dårleg sjømannskap. Også i det åndelege livet. Vi treng eit fast ankerfeste utanfor båten som held gjennom vindstille, flau vind og full storm. Guds ord er dette trygge ankerfeste. Her finn vi fast grunn til å ankre opp trua.

Enno er det vinter

Arve ReigstadDet er enno vinter, men vårteikna gjer seg så smått gjeldande. Naturen gjer seg klar til vårslepp. Skulle ikkje tru det, men vi veit av erfaring at det kjem til å skje på nytt. Noko heilt nytt skal skje. Nye spirer, nye knoppar, nye friske fargar, nye fugleungar, ny fuglesong.  Og mykje meir.

To dagar på rad har eg vorte minna om eit bibelord. Dette vil eg dela med deg i dag:

Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka. (Jes. 43, 19)

Kast børa di på Herren

Arve ReigstadKast di bør på Herren, han vil sørgja for deg! Han let aldri den rettferdige vakla. (Salme 55, 23 NN)

Skal eg bera sekken for deg? Hugsar eg fekk det spørsmålet på ein fjelltur då eg var ein ung gut. Spørsmålet kom frå ein som såg at eg sleit. Eg sleit med å halda følgje med dei andre, og sleit med motivasjonen til å gå vidare. Eg hadde mest lyst til å gi opp.

Plan, vei og forming

Arve ReigstadGud har ein plan. Ein frelsesplan. Jesus er Guds plan for å frelse alle menneske. "Eg kjem til dykk med ei stor glede for alle!" sa engelen. "I dag er det fødd ein Frelsar. Han er Messias, Herren.” Namnet Jesus betyr ”Herren frelser.”

Gud har altså ein plan. Og den inkluderer alle. For alle dei som tar imot Jesus, får retten til å bli Guds barn. ”For så høgt elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” (Joh. 3, 16) Gud har ein plan med ditt liv. Ein frelsesplan. Du kan ta imot Jesus, og få del i Guds store frelsesplan.

Advent

Arve ReigstadVi er i adventstida. Advent kjem av eit latinsk ord, ”Adventus,” og ordet tyder ”ankomst.”  I vår kristne adventstid siktar dette til Herrens kome. Vi ventar på at Herren Jesus skal kome.

For mange blir advent ei tid med mange ”ting.” Det er så mykje praktisk som skal ordnast. Og til meir vi har av ting å stelle med, til travlare får vi det. I den materielt rike delen av verda har ”tinga” kome i sentrum. I den materielt fattigare delen av verda står ofte dei åndelege verdiane i sentrum.

Kan du gi litt meir?

Arve ReigstadBruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinne dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. (Luk 16, 9)

Ein kjend song av Cornelis Vreeswijck har denne teksten: 

Du kan ingenting ta med deg dit du går.
Du trenger ingen penningar når du vid porten står.
Du kan ingenting ta med deg dit du går 

Det er nok rett at vi ikkje treng pengar  ved inngangen til livet etter døden. Men det er likevel feil at vi ikkje kan ta med oss noko. Vi kan ta med oss menneske som vi investerer i. Vi kan bruke meir av pengane våre på arbeidet i Guds rike.

All, alle, alt og alle!

Arve ReigstadVi fekk ei veldig god undervisning om disippelgjering og misjon på ei storsamling. Rolf Kjøde tala om tema ”misjon – ut til alle.” Fire ganger bruker Jesus ulike former for ordet "alle" i misjonsbefalinga.

Jesus har fått all makt i himmel og på jord. Difor ber han disiplane om å gå ut og vitne om Guds rike, og dele evangeliet om Guds frelse og redning. Og Jesu store ord om makt er ikkje tomme ord og lureri. Nei, Jesus demonstrerte si allmakt ved at han overvann døden og steig fram frå grava i levande livet. Ein som slik har sigra over døden kan vel med rette proklamere å ha overordna makt?

Englebesøk

Arve Reigstad

Det er mange som er opptatt av englar. Finst dei? Går dei rundt omkring på jorda? Kan vi menneske sjå dei? Kva oppgåve har dei?

Bibelen stadfester at englane er høgst reelle. Og det finst mange av dei. I himmelen er Gud omgitt av englar. Og mange er i døgnleg aktiv teneste rundt omkring på jorda. Englane er Guds ”secret service agentar,” med fullmakt til å hjelpe menneske, og å formidle bodskap til menneska frå Gud. Mange menneske kan vitne om englebesøk og om korleis dei fekk hjelp av englar i spesielle situasjonar.

Kraft

Arve ReigstadKraft er veldig konkrete saker. Vi ser kanskje ikkje sjølve krafta, men vi kan tydeleg sjå og merke resultatet av krafta, når den får verke på rett måte.

Eg hadde ein gong ei litt merkeleg oppleving i båt på fjorden. Motoren starta, dura og gjekk, men båten gjekk seinare enn det som var vanleg. Kva kunne dette vera? Då vi skulle sjå etter,  viste det seg at ei av kontaktane til motorpluggane var losna, og dermed fungerte ikkje motoren rett. Krafta vart ikkje overført slik den skulle.

For å frelsa verda

Arve ReigstadSom lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret. Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda. (Joh. 12, 46 – 47 NB)

Jesus elska sanninga. Han hata løgna og alt som var skjult i mørkret. Han hata mørkret, men elska menneska som var fanga i mørkret. Det beste Jesus visste, var å fria mennesket frå mørkrets makt.

Tydeleg bodskap

Arve ReigstadJesus kom til jorda med hensikt. Han hadde eit oppdrag frå sin himmelske Far. Oppdraget var å frelse. Han skulle bli verda sin redningsmann.

Bibelen viser oss klart at oppdraget var nødvendig. Menneska kunne ikkje klare å frelse seg sjølv. Jesus fullførte det vi ikkje klarte sjølv. Han opna vegen tilbake til fellesskap med Gud. Han sona alle våre synder. Han tok straffa på seg. Han gjorde det slik at vi kunne bli redda. Dommen råka han, og vi kunne gå fri.

Jesus som forbilde

Arve ReigstadHar du eit forbilde? Er det personar som du ser særleg opp til? Jesus er nok ein av dei personane som har flest tilhengjarar. Han har stått seg som forbilde gjennom to tusen år. Det er vanskeleg å finne noko å klaga Jesus for. Det er lite som trekkjer ned inntrykket av han. Og det er mange som bruker Jesus som forbilde, sjølv om dei ikkje trur på han som oppstått frelsar og ven.

Han fyller ditt liv med det som godt er

Arve ReigstadVi fyller dagane med innhald. Alt mulig skal få plass i løpet av ein dag. Av og til går mykje av plassen med til jobb og virke. Men mellom arbeid og kvile får også mange andre ting plass i kvardagen. Små ærend her og der, litt handel og innkjøp, litt vasking, rydding og vedlikehald, følgje opp born og avtaler med skule og fritidsaktivitetar, m.m. Alt dette kan vere vel og bra, og godt og rett.

Påske

Arve ReigstadKva hadde kristendommen vore utan påskebodskapen? Jesu liding, død og oppstode er grunnvollen for den kristne trua.

Korset er symbolet på kjærleik utan grenser. Korset er fridomens symbol. Jesus er redningsmannen, som dør på korset for å sone dine og mine synder. Jesu død på korset gir meg framtid og håp. Vegen til fellesskap med Gud går gjennom korset. Vegen tilbake til Gud er opna. Mysterium over alle mysterium.  Død blir til liv. Sorg blir til glede. Nederlag blir til siger. Mørke blir lys.

Brøytepinnar

Arve ReigstadDet vart ein spennande tur med bil over fjellet. Stiv kuling og snøføyke. Måtte stoppe fleire gonger for å vente på sikt til å kjøre. Vegen var nesten usynleg, men brøytepinnane fortalde oss kvar den gjekk, og så lenge vi held oss mellom desse var vi på sikker veg.

På godvêrsdagar tenkjer du nesten ikkje over at dei er der, brøytepinnane. Du suser over fjellet i solskin, og du kan lure på om det er nødvendig med all denne merkinga langs vegen. Men den dagen du treng dei, forstår du kvifor dei er der, og du veit at du ikkje ville klare deg utan dei.

Nåde og sanning.

Arve ReigstadDet kan vere vanskeleg å skjøne samanhengen mellom nåde og sanning. Vi kan lett falle i den grøfta å tru at nåde er å skyva feila og syndene våre under teppet, slik at dei ikkje vert oppdaga. Men å skyve noko under teppet er eigentleg å skyve noko inn i mørkret. Og dette er ikkje vegen til fridom. Det er løgna sin veg, og den bind menneske fast og tappar ut livsgleda.

Nytt mot!

Arve ReigstadPaulus har skrive mange av breva i Det nye testamentet. Eit av desse er brevet til Romarane. Paulus var stadig på farten i oppdrag for evangeliet. Han reiste frå plass til plass og planta nye fellesskap og besøkte etablerte kyrkjelydar. Og når han ikkje fysisk, i eigen person, kunne vere til stades alle plasser til ei kvar tid, var løysinga å sende brev. Hensikta med breva var sjølvsagt å undervise dei truande i kristne sanningar og i viktige prinsipp for disippellivet. Svært ofte er den grunnleggjande tonen i breva omsorg , støtte og oppmuntring.

 

Framtid og håp!

Arve ReigstadDette er tema for hausten som vi no går inn i. Framtid og håp! ”For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.” (Jer. 29, 11)

Å tale sant om livet

Arve ReigstadDei aller fleste menneske har to store sekkar på ryggen som dei drar på og slit med. Den eine sekken heiter ”fortid.” I denne sekken ligg plager og vonde minner frå fortida, også uoppgjorte ting i livet. Hendingar som skulle vore ugjort og annleis. Det andre sekken heiter ”framtid.” I den ligg bekymring og uro for framtida. Uro for det som ein ikkje kan kontrollere og styre sjølv. Alt det som i verste fall kan hende oss.

Sider


Skjul

Abonner på Arve Reigstad