Englevakt

Arikkelen er skrevet av Hans Reite. Kilde: www.nyttlivssenter.no

Dei hadde englevakt, stod det i ei avis. Dette har eg tenkt på sidan. Under orkanen Dagmar var det mange nestenulykker, og det var eit under at ingen omkom i den sterke vinden. Mange tre fall ned like ved husa, og det kunne endt så mykje verre.

Eg trur verkeleg at englar finst og at dei kan vere verksame også under slike ekstreme forhold. I juleevangeliet kan vi stadig lese om englar som var med på det som skjedde.

Mellom anna så fekk jomfru Maria vitjing av engelen Gabriel som gav henne beskjed om at ho hadde fått spesiell nåde og skulle føde Guds son til verda. Det var eit stort kor av englar som song på Betlehems-markene, og ein engel åtvara Josef i ein draum om at han skulle flykte med Maria og Jesus-barnet til Egypt. I Bibelen ser ein at englane vert sende til teneste for oss menneske for å beskytte oss, hjelpe oss og leie oss på den rette vegen.

Likevel så skjer det ulykker og mange menneskeliv går tapt kvar dag rundt om i verda. Kvar er englane då? Det er ikkje så lett å svare på, men spørsmålet er: Ber vi Gud om hjelp, og er vi villige å gå på hans vegar? Er Gud ein som ein tenkjer på berre når ein er alvorleg sjuk eller i fare? Slik var det for meg før, men no er han den viktigate personen i mitt liv og eg TAKKAR HAN FOR LIVET OG FOR DEN HAN ER OG ALT DET GODE HAN GIR! Då kan ein rekne med å ha englebeskytting. Eg har vore døden nær ved fleire anledningar, og trur at englane har vore der og beskytta meg. Det løner seg å frykte Gud og be til han.

Nokre sa at etter 22. juli har folk begynt å tenke meir på alvoret med livet, og fleire har begynt å søke Herren. I ei tid då det er daglege drap, vald og voldtekter i Noreg er det godt å kunne be i Jesu namn, og rekne med englevakt for seg og sine!