|
19.05.2012: Joh 17,1-5 1 Da Jesus hadde sagt dette, løftet han blikket mot himmelen og sa: |
Logg inn |
Klar,ferdig, gå...

No er det berre mindre enn to veker til vi skal reise. Etter så mange år med bøn og tankar om å reise dit for å arbeide i Guds rike der, no er tida her og vi kjenner oss klare.
Den siste tida har eg (mannen i huset ;-) fasta og bede om at Gud skulle vekkje hjartet mitt og late meg sjå meir av Herren. Lik Moses har eg lengta etter å sjå Herrens herlegdom. Eg lengtar etter Han. Utan åpenbaring av kven han er, korleis kan vi vere vitner til andre om Han.
Han har vist meg mitt eige mørke hjarte igjen og igjen. Tukta meg og eg har fått vende om og gje meir og meir av meg sjølv over til han. For ei glede å få ny openberring om barnekåret vi har i Jesus. Fordi vi i oss sjølv var makteslaus, utan kraft og mulighet til å verte fri frå synda og dødens lov bestemte Gud sjølv at han skulle gjere alle ting til eitt i Jesus. Vi har fått barnekår i Han. Han ville det, vi er utvalgt til å få komme nær i Kristus. Han som har begynt helginga og reinsinga av si brur vil fullføre det han har begynt! Lat oss med iver trengje oss nær Herren, han vil gjere oss fullkomne berre vi ikkje dreg oss unna og let oss lure av denne verdas dårande røyster. Vi må trengje oss nær han med iver og offer for å kunne lære å kjenne han. Han vil tukte oss og vise oss vegen vi må gå. For ei glede å leve i lyset med han!
Vi bed om at vi skal få oppleve å kome heim når vi kjem til Tyrkia. Difor har vi og pakka nokre kasser med leiker til barna og bilder til å ha på veggen. Ting vi ikkje kunne få med oss i koffertane på flyet. Desse vil vi sende med flyfrakt. Likevel er vi overbeviste om at det viktigaste for oss når vi kjem dit er at vi opplever Guds fred og glede. Ting er fine å ha, men det er han som er livet og gleda! Når vi har han veit vi og at han kallar på folk der som lengtar etter han. Folk han har førebudd som våre vener. Så spanande å få møte desse folka og lære språket deira og etterkvart kome meir og meir under huda på kulturen. Gjennom konflikar og flausar bli betre kjende med oss sjølv og folka våre der.
Så om du ber for oss, kan du gjerne be
* om at vi skal få ein god inngang i nabolaget og gode vener
* om god inngang i teamet vårt.
* om at språket skal komme lett.
* om at vi skal få kjenne glede og fred og at vi kjem heim til Tyrkia

























































































Det har vært så spennende å
Det har vært så spennende å lese om forberedelsene til utreise. Gjennom hverdagsglimt har dere latt oss få innblikk i store og små hendelser på hjemmebane som forberedelse for en ukjent framtid i en fremmed kultur. Dere er hverdagshelter som har vært gjennom en tøff og krevende prossess. Nå gler vi oss til å følge dere videre i tjenesten! God Bless.
TL.