God helg

Og han skal vera fred

Arve ReigstadDet lyder eit stille rop over jorda i dag. Det er eit rop om fred. Ein fred som ikkje verda kan gi. Ein fred som er etterlengta og dyrebar. Ein fred som gir sjela indre ro.
Fred er ei luksusvare som ikkje kan kjøpast med pengar. Fred er eit uoppnåeleg mål. Fred er eit ord med gløymd innhald. Fred er eit fjernt minne om noko som ein gong var, men som no er borte. Fred er noko ein drøymer om, men som aldri blir røyndom.

Ansikt til ansikt med Gud

Arve ReigstadEt blendende lys i mørket,
et varsel om det som var hendt.
Over den sovende byen
en strålende stjerne stod tent.
Det var som om jorden holdt pusten
før himmelens lovsang brøt ut.
Og de som fant veien til stallen
stod ansikt til ansikt med Gud.
(Haldis Reigstad)

I Guds tanke

Arve ReigstadHaldis Reigstad er kjend for å skrive dikt til trøyst og oppmuntring. I den siste boka si, I Guds tanke, deler ho mange nye dikt om å leva i Guds omsorg. Dikt til ettertanke, dikt om å bera bører for kvarandre. Denne hausten har ho sjølv fått erfare at livet går i bølgjedalar, gjennom at hennar eigen mann, Asle, vart ramma av alvorleg og livstrugande sjukdom. Midt i den daglege kampen mot sjukdom, gir ho altså ut ei ny diktbok, der ho deler ope og frimodig av eigne erfaringar. Det handlar om livet, om trua på Gud, om hans truskap og den freden som han gir, også når det stormar som verst.

Vegskilt og tydeleg merking

Arve ReigstadGod skilting langs vegane gir verdifull og nyttig informasjon for dei reisande. Vi kunne ikkje klara oss utan slik rettleiing på framande vegar. I vår tid har vi rett nok tilgang til GPS og kart som kan hjelpe oss, men vi er likevel veldig glade for tydeleg merking og informasjon undervegs når vi er ute og kjører. Når det står på eit skilt at vegen vi følgjer tar oss til Bergen, trur vi på det. Det er nokså uvanleg å starte ein diskusjon om dette, og hevde at vegen går til ein annan stad enn det som vert oppgitt på skilta.

I møte med det umoglege

Arve ReigstadAv og til møter vi utfordringar som er alt for store. Det kan vere i høve til tidspress og tøffe arbeidsoppgåver på jobben, krevjande personlege relasjonar på arbeidsplassen, i heim og familie, eller rett og slett at ein vert utslått av alvorleg sjukdom eller ulukke. Livet stansar opp, og ein vert rykt ut av alle vanlege kvardagsrutinar. Utfordringar kan bli til tårnhøge problem, som ein på ingen måte ser nokon ende eller løysing på.

Abonner på God helg